Om eit par veker er sirkuset over for denne gong. Røystene er talt opp og mandata er fordelt. Nokre er glad over at akkurat den kandidaten kom inn i kommunestyret, andre er fortvila over at ho gjorde det denne gangen òg. Det har vore utskiftingar, nokre har kome inn, andre har gått ut. Men noko grunnleggjande endring har det ikkje vore. Stort sett vil ting halde fram som før, og ein må slite med den same gjengen i 4 år. Ein kan få gjort mykje bra på 4 år. Og mykje gale. Mykje fint har vore sagt, og mange ting har blitt lova. Men det er snodig, dette med valflesk: datostemplinga går sannsynlegvis ut den 10. september over heile landet, og då er det stort sett gløymt frå politikarane si side når den harde politiske kvardag og budsjettforhandlingar startar. Eller er det ikkje slik? Kan vi oppsummere om fire år at: "ja, desse kommunestyrerepresentantane har haldt det dei har lova og vore samde om"? Vi får håpe det.

Då er det opp til folk sjølve å følgje med kva som blir sagt og gjort. For det såkalla lokaldemokratiet fungerar jo slik at ein legg ein setel i ei urne, og så kan ein lite gjere dei komande 4 åra. Om politikarane gjer blanke i løpet av perioden, kan dei gjere det for dei sit trygt i 4 år uansett. Er det rett at det skal vere sånn? Kan hende, og kan hende ikkje. Men det er no ein gong slik det er. Om det skal bli annleis, til dømes at veljarane skal få rett til å kaste ein folkevald som ikkje gjer det han er vald til og ikkje få fleire år til å gjere meir gale, ja då må ein stå saman og kjempe for at slik skal det vere. For det er vel det politikarane skal vere – folkevalde? Valde på eit program av folk som meiner at det programmet eller lovnadane som den politikaren har gitt er rett og fornuftig. Kva for ein rett gir det då ein folkevald å gå i mot det han har lova dei som har velt han? "Jamen budsjettsituasjonen var sånn at det ikkje var mogleg å få til" seier kanskje politikaren då. Eller at "råmene frå staten er for snevre og overføringane er for små. Vi må vente til staten gir oss meir pengar før vi kan gjere det vi har lova". Dette er vanlege argument som blir brukt i lokalpolitikken når politikarane ikkje held løfta sine. Når politikarane vil spare litt pengar ved å leggje ned ein skule (eller ikkje byggje ny slik ein eigentleg faktisk lova…), eller ved å la vere å asfaltere vegen i år òg. Eller når fergedrifta må reduserast for å løyve pengar til andre ting. Sak mot sak, interesse mot interesse, gamle mot unge, innvandrarar mot innfødde.

Å setje ulike menneskjegrupper opp mot kvarandre når råmene er for små er ein teknikk makthavarane har brukt i tusen år. Då unngår ein nemleg at folk seier frå, at folk kjempar mot makta i staden for mot kvarandre. Då unngår ein at folk krev sin rett til eit betre liv. Men Noreg er eit ufatteleg rikt land. Næringslivet går så det suser, det pumpast opp olje for milliarder av kroner kvart år, og det syltast ned kapital i store mengder. Staten sin rikdom veks, samstundes som mange kommuner vert utarma fordi overføringane blir for små og dei pålagde oppgåvene for store. Er det ikkje då dei folkevalde si plikt å synleggjere for Den Store Stat at det er slik det er? Er det ikkje dei folkevalde si plikt då å vere lojal mot sine eigne velgarar, og kjempe i lag med dei for å få pengar til dei oppgåvene som kommuna faktisk har? Om ikkje det går, kan det ikkje då til og med vere ei plikt å lage eit underskotsbudsjett og sende rekninga dit pengane faktisk finst?

Raud Valallianse vil, anten vi sit i kommunestyret eller ikkje, synleggjere så godt vi kan korleis dei folkevalde følgjer opp løfta sine. Det vil vi gjere i lag med folk, uavhengig av kva parti dei har røysta på. Vi vil at folk sjølve og dei som er valde som representantar for folket skal ha reell innflyting over kommunale avgjersler og politisk utvekling, og vi vil ikkje at politikarane skal kunne gøyme seg bak administrative vedtak eller umoglege budsjettråmer. Vi vil at folk skal kunne stole på at dei folkevalde kjempar for veljarane sine interesser og krav, om naudsynt mot statleg byråkrati og kapital. Vi vil ha folkemakt mot kapitalmakt, ikkje berre i ord men i faktisk handling! Det meiner vi innbyggjarane i kommuna og det lokale demokratiet fortener.
Sigmund Espedal
Nesodden Raudt/Raud Valallianse
Sigmund Espedal, listekandidat Nesodden RV

Tips oss hvis dette innlegget er upassende